Idé- og ressursbank for fysisk aktivitet

Førre veke lanserte Utdanningsdirektoratet ein idé- og ressursbank for fysisk aktivitet. Akkurat no finn du 105 aktivitetar i ressursbanken, i tillegg til rettleiingsmateriale, faktastoff og relevante lenker.

Nye aktivitetar og tips vil bli lagde til regelmessig. Idé- og ressursbanken er først og fremst meint for lærarar, men kan også nyttast av SFO-tilsette, foreldre og andre som ønskjer tips til fysisk aktivitet i kvardagen. Fokus for aktivitetane er glede og meistring ved rørsle, og alle skal kunne vere med. I ressursbanken finn du også relevante faglege artiklar frå blant anna Helsedirektoratet.

Frå og med hausten 2009 har elevar på 5.-7. trinn rett på regelmessig fysisk aktivitet utanom kroppsøving.

Del på: