Har du ein historie å fortelje?
I høve Kulturminneåret 2009 inviterer ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) alle til å leggje inn forteljingar på Digitalt fortalt. Digitalt fortalt er personlege forteljingar knytte til kulturminne frå heile landet.
ABM-utvikling er ute etter spennande og annleis forteljingar - og det vert lagt vekt på å vere personleg. Dei ønskjer forteljingar som er oppsiktsvekkjande, engasjerande, vanskelege, morosame eller avslørande. Nokre ligg allereie ute på nettsida Digitalt fortalt, men der er plass til mange, mange fleire. Har du noko å fortelje?