The Economist - gratis tilgang gjennom avtalen med Helsebiblioteket

Gjennom den nasjonale avtalen med Helsebiblioteket har vi tilgang til ei rekkje ulike tidsskrift. Eit av desse tidsskrifta er The Economist. Her kan du mellom anna lese handelsanalysar eller få innsikt i internasjonale nyhende, politikk, finans eller vitskap og teknologi, så vel som kulturelle trendar og industri.

Forutan å publisere analysar og meiningar, prøver The Economist å dekkje veka sine viktigaste hendingar innan handel og politikk. Tidsskriftet har ein eigen seksjon for vitskap og teknologi. The Economist som opprinneleg er eit britisk tidsskrift, har i dag ein internasjonal lesarskare, med redaksjonelt innhald retta mot ulike delar av verda.

Du finn tidsskriftet i Helsebiblioteket sin tidsskriftsdatabase ved å  søke på tittelen.

Helsebiblioteket gir deg også tilgang til tidsskriftet American economist.

Del på: