Bokutstilling om Anders Hovden (1860-1943)
I år er det 150 år sidan Anders Hovden vart fødd i Hovdebygda i Ørsta. Anders Hovden tok embetseksamen i 1866 og virka sidan som prest fleire stader, m.a. på Lista, i Krødsherad, i Melhus og på Toten. Han engasjerte seg i norskdomsrørsla - som målmann, talar på ungdomsstemne og som kulturdebattant.
Han var ein god ven av Ivar Aasen, Per Sivle, Per og Synnøve Riste. Saman med Bernt Støylen og Peter Hognestad stod han føre arbeidet med Nynorsk salmebok (1925). I dag er han mest kjend som salmediktar. "Fagert er landet" er nok den Hovden-salmen som folk flest hugsar.
Anders Hovden hadde ein rik bokproduksjon, til saman gav han ut meir enn 40 bøker: lyrikk, forteljingar, songar og salmar. Bokutstillinga viser eit utval av bøkene hans, saman med bøker om Anders Hovden og verket hans.