BMJ Best Practice - tilgjengeleg gjennom Helsebiblioteket frå nyttår
Gjennom den nasjonale avtalen med Helsebiblioteket har vi fått gratis tilgang til oppslagsverket BMJ Best Practice. Dette er eit medisinsk og helsefagleg oppslagsverk for primær- og spesialisthelsetenesta. Oppslagsverket inneheld informasjon om m.a. diagnosar, prognosar, behandling og førebygging. Best Practice vert utforma av spesialistar og tek inn påliteleg kunnskap frå oppdatert forsking.
BMJ Best Practice er utarbeidd av British Medical Journal Evidence Centre. Oppslagsverket inneheld pr. i dag over 1000 emne med oppdatert informasjon om over 10 000 diagnosar. Kunnskapsoppsummeringar frå Clinical Evidence, som vi også har tilgjengeleg gjennom Helsebiblioteket, utgjer ein viktig del av informasjonsgrunnlaget. Alle emne har referanselister med lenker. BMJ Best Practice har fått gode tilbakemeldingar på brukarvennlegheit, og Helsebiblioteket tek sikte på ei gradvis fornorsking og tilpassing av oppslagsverket til norske tilhøve.
Du finn BMJ Best Practice i Helsebiblioteket under Oppslagsverk, eller på biblioteket si eiga fagside for Helse- og sosialfag under Oppslagsverk.