Biblioteket er på Facebook

Høgskulebiblioteket Volda har oppretta ein profil på Facebook. Berre i løpet av nokre få dagar har vi fått meir enn 60 "venner", og no håpar vi at flest mogeleg studentar og tilsette oppdagar oss og vil bli venn med oss!

Vi veit at mange av studentane og dei tilsette er på Facebook, og vi trur dette er ein måte å nå brukarane våre der dei er. På sida vår vil vi leggje ut nyheitsmeldingar, tips og informasjon av ulikt slag. Vi vil også svært gjerne ha tilbakemeldingar frå brukarane.

No har vi kasta oss ut i det, og håpar at vi kan nå flest mogeleg av dykk med alt biblioteket har å tilby!

Del på: