Aktivitetsauke i biblioteket!
Biblioteket kan for 2008 vise til ein utlånsauke på heile 9%, noko vi må seie oss svært godt nøgde med! Dette forsterkar berre den tendensen vi har sett dei seinare åra, med stadig stigande utlånstal. Med tanke på at stadig meir informasjon er tilgjengeleg i fulltekst på internett, er auken spesielt gledeleg. "Det papirlause biblioteket" verkar for vår del å vere langt unna.
2005 | 2006 | 2007 | 2008 | |
Utlån totalt | 49 691 | 53 752 | 56 800 | 61 912 |
Utlån til master og- fjernstud. | 6 241 | 8 082 | 8 863 | 8 725 |
Utlån til andre bibliotek | 3 589 | 4 314 | 4 442 | 5 394 |
Innlån frå andre bibliotek | 4 001 | 4 071 | 4 487 | 3 901 |
Besøk | 130 036 | 116 429 | 108 155 | 107 919 |
Besøk på heimesida | 50 202 | 61 935 | 60 620 | 84 858 |
Utlån av film og musikk står for mesteparten av auken, medan utlån av papirdokument er på nokså nøyaktig same nivå som i 2007.
Utlånsauken av film kjem først og fremst av at vi etterkvart ha fått ei DVD-samling som er verdt eit besøk. Auken i utån av musikk kjem av at vi hausten 2007 overtok musikksamlinga (CD-ane) frå ALU.
Utlånet til andre bibliotek aukar stadig. Ei årsak til det kan vere stadig dårlegare folkebibliotek som må vidareformidle stadig fleire låneønskje til andre bibliotek.
Innlån
Det har vore ein viss nedgang i innlånet frå andre bibliotek. Avgrensing i innlånet for bachelorstudentar (maks 10 samtidige lån) er truleg grunnen.
Databasebruk
Statistikken syner ein merkbar auke i bruken av basane Ordnett, Academic Search Elite, A-tekst,Ebrary og Store Norske leksikon (no fri bruk).
For fleire basar er bruken på det jamne, og for eit fåtal er det ein mindre nedgang.
Vi abonnerte på ein ny fulltekstdatabase i 2008: Grove online music
Besøk
Besøket er praktisk talt likt med fjoråret. Den venta nedgangen som følgde informasjonsteknologi-eksplosjonen har flata ut, trass i at det også dei siste 3 åra har blitt utvikla nye tenester som gjer personleg frammøte mindre nødvendig enn før. Dette viser også igjen i ein auke i besøkstalet på heimsida med heile 40%.
Oppsummert:
Sjølv om det er databasar vi ikkje har og som vi burde ha, er tilgangen til nye informasjonsberarar større enn nokon gong. Både studentar og tilsette har tilgang til basane heimanfrå, eller for den del: Frå andre verdsdelar!
Etterspurnaden etter papirbasert informasjon har ikkje gått ned
Trass i at stadig meir kan frå kontor og heimanfrå, har besøkstala vore stabile siste tre åra. Ikkje minst er biblioteket si rolle som studerkammer tydeleg.
Dette betyr at biblioteket er meir brukt enn nokon gong!