Fagdag: Autismespekterforstyrrelsar (ASF) hos barn og unge
Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP) i samarbeid med Høgskulen i Volda arrangerer kurs for lokale samarbeidspartar 8. november. Kursdagen gir ei oversikt over autismespekterforstyrrelsar (ASF) hos barn og ungdom
Hovudforedragshaldar
Bernhard Weidle er overlege, spesialist i pediatri og barne og ungdomspsykiatri, Dr. Med frå Universitetet i Tübingen, Tyskland og Ph.D. frå NTNU, Trondheim. Han har i mange år vore leiar av nevroteamet ved Barne og ungdomspsykiatrisk klinikk, St. Olavs Hospital,Trondheim. Weidle er Førsteamanuensis i barne- og ungdomspsykiatri ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, MidtNorge. Forskingsområde: Hovudsakleg OCD og autismespekterforstyrrelsar hos barn og ungdom.
Det blir høve til å drøfte problemstillingar frå deltakarane.
Andre medverkande
Stipendiat og lege Lise Reindal og Klinisk pedagog Lise Bae Andresen frå Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP).
Førsteamanuensis Bente Hasle ved Høgskulen i Volda, Institutt for sosialfag.
Program
- 08.00-08.30: Registrering
- 08.30-08.40: Velkomen ved BUP Volda
- 08.40-09.00: Stipendiat og lege Lise Reindal og klinisk pedagog Lise Bae Andresen om gruppetilbodet for barn med autismespekterliding
- 09.00-09.20: Høgskulen i Volda v/Bente Hasle: Foreldrekraften - en undervurdert ressurs når barn har vansker
- 09.20-09.30: Pause med frukt
- 09.30-11.30: Berhard Weidle:
- Kva er dei viktigaste kjenneteikna for å gjenkjenne barn med ASF?
- Er det skilnader i symptombiletet mellom gutar og jenter med ASF?
- Korleis kan ein skilje mellom ASF og andre barnepsykiatriske tilstandar (differensialdiagnose) og kva med samtidig førekomst av fleire av desse tilstandane (komorbiditet)?
- 11.30-12.15: Varm lunsj
- 12.15-14.00: Bernhard Weidle:
- Psykoedukasjon: Korleis informere om diagnosen? kva med born eller foreldrene som ikkje vil ha diagnosen?
- Behandlingsstrategiar: Kva tiltak virkar? Kva tiltak kan vere nyttig i 1. linja for å støtte meistring av skule situasjonen og kvardagen generelt?
- 14.00-14.15: Pause med kaffi og kake
- 14.15-16.00: Bernhard Weidle:
- Korleis kan ein lette overgangar mellom ulike utviklingsstadium (barnehage/skule, mellom dei ulike trinna, overgang frå ungdom til vaksen)?
- Kva med alternative behandlingsmåtar/alternativ medisin?
Fagdagen er godkjent av Den norske legeforening:
- Allmennmedisin: godkjent med 8 valfrie kurspoeng til vidare- og etterutdanning.
- Barnesjukdommar: godkjent med 8 timer for spesialistane si etterutdanning.
- Barne- og ungdomspsykiatri: godkjent med 8 timar som valfritt kurs for legar i spesialisering og spesialistane si etterutdanning.
Pris:
- Kr 550,-, som inkluderer te/kaffi, pausemat og varm lunsj.
Last ned heile invitasjonen (pdf)