Trådlaust nett
Trådlaust nett for studentar og tilsette
Det trådlause nettet ved HVO heiter Eduroam.
Du koplar deg til med ditt [email protected]
Brukarnamnet er det same som epostadressa di ved HVO, t.d. [email protected].
Du kan også kople deg til ved å bruke feidenamnet ditt, t.d. nordmannkari - altså utan å ta med @stud.hivolda.no.
Ver då merksam at du ikkje får kolpa til Eduroam på flyplassar eller hja andre høgskular/universitet.
Trådlaust nett for gjestar
Det trådlause nettet for gjestar heiter HIVOLDA_guest.
Ein koplar til ved mobilnummer og mottek passord på sms.
Gjestar som kjem frå institusjonar i inn- og utland som har Eduroam, skal kunne kople Eduroam ved HVO.
Kva er Eduroam ?
Namnet er ei forkorting for "Education Roaming". og er eit verdsomspennande samarbeid mellom mange undervisnings- og forskingsinstitusjonar. Dette medfører at du får bruke det trådlause nettet hjå andre høgskular og universitet i utlandet.
Eduroam på norske flyplassar
Studentar og tilsette kan kople seg til Eduroam på alle norske flyplassar. Tjenesta vert levert av Uninett i samarbeid med Avinor.
Info for oppsett av pc/mac/telefon/nettbrett
SSID: eduroam
Nettverksgodkjenning: WPA2/WPA
Kryptering: AES/TKIP
EAP-type: PEAP
Fase 2 godkjenning : MSCHAPV2
Brukarnamn: [email protected] (studentar)
[email protected] (tilsette)
Automatisk tilkopling for Eduroam
Eduroam Configuration Assistant Tool